Illustrasjon av adopsjonsgapet mellom KI-lisensar kjøpt inn og faktisk bruk, og korleis Learning Agent hjelper

KI-lisensar utan opplæring – adopsjonsgapet

Vi brukar hundretusenvis av kroner på KI-lisensar. Og så gløymer vi det viktigaste steget: å lære folk å bruke dei. Eg ser det same mønsteret hos bedrift etter bedrift. Copilot blir kjøpt inn. Ein e-post går ut. «No har de tilgang til Copilot – lukke til!» Og så lurer ein på, tre månader seinare, kvifor berre ein tredel faktisk brukar det. Tala er ganske brutale: utan strukturert innføring endar dei fleste organisasjonar på 30–40 % aktiv bruk. Med champions, rollebasert opplæring og leiarforankring kjem ein opp i 70–85 % – ofte innan 90 dagar. Forskjellen er ikkje teknologien. Han er lik i begge tilfella. Forskjellen er at nokon tok menneska på alvor. ...

July 7, 2026 · 3 min · Knut Petter Dimmen
Illustrasjon av Researcher sine to nye kapabilitetar Critique og Council i Microsoft 365 Copilot

Researcher Critique og Council – multi-modell i Copilot og responsible AI

«Copilot seier at …» Eg skreiv nyleg om at den viktigaste KI-kompetansen framover kanskje ikkje er å bruke KI, men å vurdere kvaliteten på det den leverer. Microsoft har no levert ein funksjon som gjer akkurat den vurderinga lettare – og samstundes vanskelegare. To nye kapabilitetar i Researcher Researcher i Microsoft 365 Copilot har fått to nye kapabilitetar i Frontier-programmet: Critique – GPT skriv utkast, Claude vurderer presisjon, kjeldebruk og logikk før rapporten når brukaren. Redaktørprinsippet, bygd inn i sjølve genereringsflyten. Critique er no standard når du vel «Auto». Council – GPT og Claude køyrer parallelt, ein tredje judge-modell summerer kvar dei er einige, kvar dei skiljer lag, og kva kvar modell bidreg med unikt. Microsoft seier sjølv at Critique scorer 13,8 % høgare enn beste single-modell på DRACO-benchmarken. Det er imponerande tal. Den eigentlege endringa ligg ein annan stad. ...

May 18, 2026 · 2 min · Knut Petter Dimmen
Eit skjold med eit forstørrelsesglas, som symboliserer kvalitetsvurdering av KI-svar

Copilot, ikkje autopilot – den nye KI-kompetansen er å vurdere svaret

48,6 % av nordmenn har tatt i bruk generativ KI. Det gjer oss til nummer tre i verda – framfor både USA, Sverige, Danmark og Tyskland. Men betyr det at vi er gode på KI? Eg er ikkje sikker. Eg har klokkertru på at generativ KI kjem til å bli avgjerande for at vi skal klare å utvikle samfunnet vidare – og for å drifte det i stadig meir komplekse og utfordrande tider. Vi kjem til å trenge teknologi som kan hjelpe oss å jobbe smartare, raskare og meir effektivt. ...

May 13, 2026 · 2 min · Knut Petter Dimmen