Skisse av ekstern deling som går frå delingslenker til gjestekontoar i Microsoft Entra

Ekstern deling blir identitetsstyring

Kort fortalt: Frå mai 2026 rullar Microsoft ut integrasjonen mellom SharePoint, OneDrive og Microsoft Entra B2B til alle tenantar. Ekstern deling blir då tettare knytt til gjesteidentitetar i Entra, og gamle delingslenkjer bør kartleggjast før overgangen når tenanten. Utrullinga skjer automatisk, tenant for tenant. Når den når den enkelte tenanten, har EnableAzureB2BIntegration ikkje lenger effekt. Integrasjonen kan heller ikkje slåast av, og endringa gjeld heile tenanten. Delingsinnstillingane i SharePoint og OneDrive forsvinn ikkje. Det som endrar seg, er identiteten bak den eksterne tilgangen og kva policyar som kan påverke han. ...

September 19, 2026 · 8 min · Knut Petter Dimmen
Ein administrator vurderer eigarskap, ansvar og livssyklus for agentar

Agentar utan eigar – kva skjer når byggjaren sluttar?

Det er lett å bli fascinert av kor raskt vi kan byggje ein agent. Ein fagperson kan få ein idé om morgonen og ha ein fungerande agent før lunsj. Men kva skjer seks månader seinare når den same fagpersonen sluttar? Kven eig agenten då? Kven veit kva den har tilgang til? Kven har ansvar for at den framleis skal eksistere? Og kven fangar opp agenten i offboardingprosessen dersom HR, IT og fagavdelinga ikkje ein gong veit at den finst? ...

September 1, 2026 · 10 min · Knut Petter Dimmen
Diagram som viser samanhengen mellom Copilot Studio-agent, custom connector, MCP-server og DLP-styring

Copilot Studio-governance – custom connectors, MCP-serverar og DLP som faktisk fungerer

Oppdatert 22. august 2026: Microsoft har gjort fleire viktige avklaringar rundt MCP, DLP og connectors i Copilot Studio. Eg har oppdatert posten med kva dette faktisk betyr for styring og risiko i praksis. «Agenten følgjer alle våre policyar.» Det er ofte sant heilt til agenten får tilgang til ein MCP-server. Copilot Studio har gjort det enkelt å kople agentar mot ekstern data. Det er kraftig. Det er òg ei governance-flate som fort blir vanskeleg å styre i praksis. ...

June 16, 2026 · 7 min · Knut Petter Dimmen
Illustrasjon av ein governance-agent som blir tilsett, ikkje kjøpt, i Power Platform

Power Platform-miljøstrategi i agent-tida – PDE, governance og ALM

Du kjøper ikkje ein governance-agent. Du tilset den. Det er den mest underrapporterte endringa i Power Platform akkurat no, og han endrar korleis du tør byggje agent-løysingar. Microsoft skreiv i fjor at dei sjølv slutta å byggje i Default Environment. Etter at dei rulla ut Personal Developer Environments med environment routing, voks talet på nye appar, flytar og agentar med 32 %. Det er kanskje den sterkaste produktivitetsstatistikken Microsoft har delt det siste året, og han kjem frå god governance, ikkje frå KI. ...

May 26, 2026 · 2 min · Knut Petter Dimmen