Illustrasjon av korleis oversharing blir synleg som ei søkeresultat-liste når Copilot går live i tenanten

Oversharing blir synleg når Copilot rullar ut

Den dagen Copilot går live, sluttar oversharing å vere ein teori. Han blir ein søkeresultat-liste i tenanten din. Det er forskjellen mellom «ubehageleg, men usynleg» og «opnar ein Copilot-chat og finn alt». Copilot hentar grounding-data frå alt brukaren har tilgang til, og legg det fram i naturleg språk – inkludert dokument ingen lenger hugsar at dei delte. Tre kapabilitetar må jobbe saman Sensitivity labels med kryptering set ein hard grense. Det er forskjellen mellom «Copilot kan sjå det» og «Copilot kan bruke det i svaret». Umerka konfidensielt innhald får ingen slik beskyttelse. ...

May 21, 2026 · 2 min · Knut Petter Dimmen
Illustrasjon av Researcher sine to nye kapabilitetar Critique og Council i Microsoft 365 Copilot

Researcher Critique og Council – multi-modell i Copilot og responsible AI

«Copilot seier at …» Eg skreiv nyleg om at den viktigaste KI-kompetansen framover kanskje ikkje er å bruke KI, men å vurdere kvaliteten på det den leverer. Microsoft har no levert ein funksjon som gjer akkurat den vurderinga lettare – og samstundes vanskelegare. To nye kapabilitetar i Researcher Researcher i Microsoft 365 Copilot har fått to nye kapabilitetar i Frontier-programmet: Critique – GPT skriv utkast, Claude vurderer presisjon, kjeldebruk og logikk før rapporten når brukaren. Redaktørprinsippet, bygd inn i sjølve genereringsflyten. Critique er no standard når du vel «Auto». Council – GPT og Claude køyrer parallelt, ein tredje judge-modell summerer kvar dei er einige, kvar dei skiljer lag, og kva kvar modell bidreg med unikt. Microsoft seier sjølv at Critique scorer 13,8 % høgare enn beste single-modell på DRACO-benchmarken. Det er imponerande tal. Den eigentlege endringa ligg ein annan stad. ...

May 18, 2026 · 2 min · Knut Petter Dimmen
Illustrasjon av sensitivity labels som guardrail for Copilot, med label-arv, downgrade justification og Restricted Content Discovery

Sensitivity labels som Copilot-guardrail – arv, downgrade og Teams-artefaktar

«Vi har sensitivity labels, altså er Copilot trygt.» Det er den eine setninga eg har høyrt oftast i kundemøte dette året. Han held berre delvis. Copilot respekterer labels med kryptering, men eit umerka dokument med konfidensielt innhald blir framleis grounding-materiale for kva som helst prompt. Den forskjellen er hovudgrunnen til at «vi har labels» og «vi har Copilot-guardrails» ikkje er det same. Tre forhold som faktisk betyr noko i 2026 Label-arv for Teams-opptak og transkripsjon krev konfigurasjon, ikkje magi. Funksjonen som let MP4-opptak og .loop-notat arve møtelabelen er ferskvare og må slåast på i sensitivity label-policyen. Default er framleis at labelen på møtet ikkje strekkjer seg til opptak og transkripsjon. Det er ein stille datataps-kanal i mange organisasjonar – og ein enkel ting å rette opp. ...

May 18, 2026 · 2 min · Knut Petter Dimmen
Eit skjold med eit forstørrelsesglas, som symboliserer kvalitetsvurdering av KI-svar

Copilot, ikkje autopilot – den nye KI-kompetansen er å vurdere svaret

48,6 % av nordmenn har tatt i bruk generativ KI. Det gjer oss til nummer tre i verda – framfor både USA, Sverige, Danmark og Tyskland. Men betyr det at vi er gode på KI? Eg er ikkje sikker. Eg har klokkertru på at generativ KI kjem til å bli avgjerande for at vi skal klare å utvikle samfunnet vidare – og for å drifte det i stadig meir komplekse og utfordrande tider. Vi kjem til å trenge teknologi som kan hjelpe oss å jobbe smartare, raskare og meir effektivt. ...

May 13, 2026 · 2 min · Knut Petter Dimmen