2 ki-modeller er enig

Mennesket i loopen (Del 2): Konsensus er ikkje sanning

To KI-modellar var einige. Difor måtte det vere rett. Ser du feilen? Dette er del 2 i ein liten serie eg kallar “Mennesket i loopen” – om kvar grensa går mellom KI og menneskeleg dømmekraft i Microsoft 365. I del 1 skreiv eg om Agent Mode og redaktørrolla. No vil eg til noko som er endo lettare å gå i fella med: konsensus. Microsoft 365 Copilot Researcher har fått ein funksjon som heiter Council – fleire modellar køyrer parallelt, og du ser kvar dei er einige og kvar dei skil lag. GPT skriv, Claude vurderer, ein tredje modell summerer. Det er imponerande teknologi, og det løftar kvaliteten målbart. ...

July 9, 2026 · 2 min · Knut Petter Dimmen
Copilot skrev det

Mennesket i loopen (Del 1): Agent Mode gjer deg til redaktør – men berre om du les korrektur

“Copilot skreiv det. Eg berre godtok det.” Eg skreiv for ei tid sidan om redaktørkompetanse – at den viktigaste KI-ferdigheita kanskje ikkje er å bruke KI, men å vurdere kvaliteten på det den leverer. Den posten engasjerte fleire enn noko anna eg har lagt ut. No har Microsoft levert ein funksjon som set akkurat den ferdigheita på prøve: Agent Mode i Word, Excel og PowerPoint. Skiftet er større enn det høyrest ut som. Tidlegare gav Copilot deg eitt utkast, og du redigerte det. Med Agent Mode jobbar Copilot iterativt – den gjer endringar i fleire steg, stiller oppklarande spørsmål om mål, publikum og tone, justerer struktur undervegs, og held fram til resultatet sit. ...

June 12, 2026 · 3 min · Knut Petter Dimmen