Eg har skrive fleire innlegg om Microsoft Purview DSPM det siste året, fordi eg meiner dette er eit av dei viktigaste områda for organisasjonar som skal ta i bruk generativ AI på ein trygg måte.
Ein podcast verdt å høyre på
Men om du vil forstå kva DSPM eigentleg er, kvifor det betyr noko, og korleis Microsoft ser for seg utviklinga vidare, så gjer Nikki Chapple og gjestene hennar ein svært god jobb med å forklare det i djupna.
AI Governance and Data Security Show
Podcast med Nikki Chapple om Microsoft Purview, DSPM og AI-beredskap
Særleg interessant er diskusjonen om korleis dataklassifisering, DLP, Insider Risk Management og AI-drevne innsikter blir samla til eit heilskapleg bilete av organisasjonen si datasikkerheit og AI-beredskap.
Anbefalast for alle som jobbar med Microsoft Purview, governance, sikkerheit og Microsoft 365 Copilot.