Den 3. april 2026 kom meldinga i Message Center. Den 17. april slo endringa inn. Microsoft aktiverte flex routing for EU- og EFTA-tenants, og i meldinga som gjekk til min eigen tenant står det rett ut: flex routing er slått på som standard.

Det er over tre månader sidan. Spørsmålet er difor ikkje om du fekk det med deg. Det er om nokon i organisasjonen din tok eit dokumentert val, eller om standardinnstillinga fekk stå fordi ingen las meldinga.

Ein ting til, før du konkluderer på vegner av din eigen tenant: meldingsteksten er tenantspesifikk. Dokumentasjonen på Learn seier berre at tenants oppretta etter 25. mars 2026 har flex routing på som standard, og at alle andre må sjekke Message Center. Det er rapportert at eit mindretal av EU-tenants fekk ei melding som seier det motsette. Du kan altså ikkje lene deg på mitt skjermbilete eller på eit blogginnlegg. Du må opne din eigen.

Melding MC1269223 i Message Center: Enabling Flex Routing in the EU and EFTA, publisert 3. april 2026, i kraft 17. april 2026

Kva flex routing faktisk gjer

Flex routing lèt LLM-inferensen, altså sjølve steget der modellen prosesserer spørsmålet ditt og produserer eit svar, skje utanfor EU Data Boundary når dei europeiske datasentera går tomme for kapasitet. Prosesseringa kan då hamne i USA, Canada eller Australia.

Data i ro blir framleis verande innanfor EU Data Boundary, med unntak av avgrensa pseudonymiserte data som kan lagrast utanfor av tryggleiks- og driftsomsyn. Alt er kryptert både i transitt og i ro, og periodane med høg last er typisk avgrensa i tid.

Meldinga i Message Center listar tre tenester som omfatta: Microsoft 365 Copilot, Microsoft 365 Copilot Chat og Microsoft 365 suite. At Copilot Chat er med, er verdt å merke seg. Copilot Chat når òg brukarar utan Copilot-lisens, så nedslagsfeltet er breiare enn talet på lisensar de har kjøpt.

Den vanlegaste misforståinga: grounding følgjer med prompten

Her er detaljen eg ser flest ta feil av, og den endrar risikobiletet.

Mange les dette som at det berre er prompten og svaret som kryssar grensa, og at grounding-data frå SharePoint og OneDrive er trygt plassert i EU. Det stemmer ikkje. Microsoft listar sjølv prompts, responsar og grounding-data som noko som kan bli prosessert utanfor EU Data Boundary ved høg last.

Grunnen er arkitekturen. Når du skriv eit spørsmål til Copilot, blir det ikkje sendt åleine. Pipelinen samlar først relevant kontekst, altså e-postar, dokument, kalenderoppføringar og systeminstruksjonar, og pakkar alt saman før pakken går til modellen. Det er den samla pakka som blir prosessert, og det er den som kan forlate EU.

Så «EU-tenant betyr EU-prosessering» er ikkje feil om du snakkar om lagring. Påstanden er feil om du snakkar om inferens. Det skiljet er lett å oversjå fordi det verkar teknisk, men det er nettopp der den juridiske vurderinga ligg.

Kven er omfatta, og kva som er standard

Flex routing gjeld kundar som er i scope for EU Data Boundary for Microsoft 365 og/eller Dynamics 365 og Power Platform.

For tenants oppretta etter 25. mars 2026 er den på som standard. For eksisterande tenants seier dokumentasjonen at du må sjekke Message Center for å finne ut kva som gjeld akkurat din tenant. Har du ikkje gjort det, veit du strengt tatt ikkje kva som står der no.

Eitt unntak er verdt å merke seg: verksemder som har kjøpt eller brukt Multi-Geo Capabilities er ikkje i scope for EU Data Boundary for Microsoft 365, og ser difor ikkje innstillinga i Microsoft 365 admin center i det heile. Innstillinga i Power Platform admin center er ikkje påverka av dette.

Valet du faktisk har

Du finn den i Microsoft 365 admin center under Copilot → Settings → View all → Flex routing during peak load periods. Dokumentasjonen spesifiserer AI Administrator-rolla.

Innstillinga «Flex routing during peak load periods» i Microsoft 365 admin center, med begge vala synlege

Og her er det viktigaste punktet for alle som planlegg governance rundt dette: innstillinga er tenant-vidd. Den er eit av/på-val for heile organisasjonen. Du kan ikkje gi juridisk avdeling EU-only-prosessering og samstundes la marknadsavdelinga bruke ledig kapasitet i USA.

Det betyr at dette ikkje er ei teknisk finjustering, men eit verksemdsval. Har du éi brukargruppe med reell EU-only-plikt, til dømes klientkonfidensiell informasjon, helsedata eller sensitive offentlege data, så avgjer den gruppa i praksis innstillinga for alle andre.

Copilot-opplevingar i Dynamics 365, Power Platform og Copilot Studio har ei eiga innstilling i Power Platform admin center, og den blir sett per miljø. Den følgjer valet frå Microsoft 365 admin center med mindre den lokale innstillinga er strengare. Er flex routing ikkje tillate i Microsoft 365 admin center, står den av i Power Platform og kan ikkje endrast der.

Generative AI features i Power Platform admin center, med avkryssingsboksen for flex routing

Å slå av er ikkje ei gratis sikring

Slår du av flex routing, held all LLM-inferens seg innanfor EU Data Boundary, også når dei europeiske datasentera er pressa. Det er heile poenget, men det har ein pris: du gir frå deg kapasiteten som skulle halde opplevinga stabil i akkurat dei periodane.

Difor er «vi slår den av for sikkerheits skuld» eit dårleg utgangspunkt. Ikkje fordi konklusjonen er feil, men fordi grunngjevinga manglar. Eit val utan dokumentert grunngjeving er like vanskeleg å forsvare i ein revisjon som eit val som aldri vart teke.

Den større luka: Anthropic-modellane

Om du berre skal sjekke éin ting til etter flex routing, sjekk denne. Og les heile sida, ikkje berre dei to første orda.

Anthropic er onboarda som subprosessor for Microsoft, og modellane deira ligg utanfor EU Data Boundary. Det er ikkje avhengig av høg last. Det gjeld kvar gong desse modellane blir brukte. Innstillinga finn du under Copilot → Settings → View all → AI providers operating as Microsoft subprocessors.

Øvst på den sida står det «Anthropic, Disabled by default». Det stemmer. For EU, EFTA og Storbritannia valde Microsoft det konservative standardvalet på hovudinnstillinga, og radioknappane for kven som skal ha tilgang står urørte.

Scroll ned. Under overskrifta «Copilot in Microsoft 365 apps with Anthropic models» ligg det ein eigen avkryssingsboks: «Allow Anthropic models in Copilot experiences in Microsoft 365 apps». I min eigen tenant er den krysset av, utan at nokon har vore inne på sida. Microsoft skriv sjølv i panelet at inferensen då skjer utanfor EU Data Boundary. Lagringa held seg innanfor, og alt er kryptert i transitt, men prosesseringa skjer ute.

Så på same side, i same panel, står hovudbrytaren av og underbrytaren på. Ein admin som opnar sida, les «Disabled by default» og lukkar den igjen, går glipp av det einaste valet som faktisk er teke på vegner av organisasjonen.

Sjekk din eigen. Dokumentasjonen seier at denne innstillinga er på som standard for EU-, EFTA- og UK-tenants oppretta etter 25. mars 2026, og at eldre tenants må sjekke Message Center. Min er eldre, og den står på.

Panelet «AI providers operating as Microsoft subprocessors», med Anthropic markert som deaktivert øvst og avkryssingsboksen for Anthropic-modellar i Microsoft 365-appane kryssa av lenger nede

Éin skilnad frå flex routing er verdt å merke seg: Anthropic-tilgangen kan avgrensast til bestemte brukarar og grupper. Her kan de altså differensiere. Det kan de ikkje med flex routing.

Fem ting å gjere denne veka

  1. Sjekk kva flex routing-innstillinga faktisk står på i din tenant, ikkje kva du trur den står på.
  2. Opna «AI providers operating as Microsoft subprocessors» og scroll heilt ned. Sjekk om «Allow Anthropic models in Copilot experiences in Microsoft 365 apps» er krysset av, sjølv om hovudinnstillinga står som deaktivert.
  3. Oppdater DPIA-en for Copilot slik at den skil mellom lagringsstad og prosesseringsstad.
  4. Legg endringa inn i leverandøroppfølginga. For verksemder under NIS2 er ei stille endring i prosesseringsstad hos ein sentral leverandør ein tredjepartsrisiko som skal dokumenterast.
  5. Skriv ned grunngjevinga for valet, ikkje berre valet.

Heilt ærleg?

Flex routing er ikkje eit tillitsbrot. Det er ei ærleg avveging mellom yting og kontroll, og Microsoft har dokumentert den tydeleg.

Det ubehagelege er noko anna. Varselet kom 3. april, endringa slo inn 17. april, og informasjonen låg i Message Center, ein kanal dei fleste organisasjonar les reaktivt. Fjorten dagar til eit val med juridiske konsekvensar.

Anthropic-panelet er verre, fordi det ikkje eingong krev at du overser ei melding. Det held å lese dei to første orda på sida. «Disabled by default» står øvst. Lenger nede står ein avkryssingsboks som er krysset av. Same panel, motsett svar.

Så det verkelege spørsmålet er ikkje kva Microsoft gjorde i april. Det er kor mange andre standardval som står og ventar lenger nede på sider du trur du har lese.

Kjelder