Denne veka gjekk «Computer Use» i Microsoft Copilot Studio frå preview til generell tilgjengelegheit i kommersielle Power Platform-regionar.

Det gjer noko ganske interessant: agentar kan no samhandle med applikasjonar gjennom brukargrensesnittet – ikkje berre via API og connectorar. Dei kan navigere skjermbilde, finne felt, trykke på knappar og tilpasse seg endringar i UI-et undervegs.

Automatisering utan store inngrep

I praksis betyr det at mykje av automatiseringa som tidlegare kravde stabile selectorar, tunge integrasjonar eller modernisering av legacy-system, plutseleg blir mogleg utan store inngrep i eksisterande plattformar. Det er kanskje det viktigaste skiftet her.

I mange verksemder er ikkje utfordringa mangel på idear – det er at systemlandskapet er for fragmentert, gammalt eller lukka til at tradisjonell automatisering blir realistisk. Med Computer Use kan ein i større grad hente ut verdi frå systema slik dei faktisk eksisterer i dag.

Eit enkelt eksempel eg trur mange kjenner seg igjen i: ein HR-medarbeidar brukar i dag tid på å logge inn i HR-systemet, hente ut fraværstal, eksportere data og lime det inn i Excel slik at linjeleiarar kan få oversikt over status i eiga eining. Det er ikkje komplisert arbeid – men det er manuelt, repetitivt og tidkrevjande, og denne typen oppgåver har tradisjonelt vore vanskelege å automatisere dersom systemet manglar gode API eller moderne integrasjonar. Det er nettopp her Computer Use blir interessant: agenten kan utføre dei same stega gjennom brukargrensesnittet, utan at ein nødvendigvis må bygge nye integrasjonar først.

Governance blir viktigare, ikkje mindre viktig

Samtidig trur eg mange undervurderer kor viktig governance blir når agentar får denne typen tilgang:

  • Observability
  • Tilgangsstyring
  • DLP
  • Logging og revisjonsspor

Der har Power Platform faktisk ein interessant fordel samanlikna med mange meir frittståande agentløysingar – spesielt når det kan koplast saman med funksjonalitet i Microsoft Purview for compliance, dataklassifisering og styring.

Microsoft viste mellom anna til Graebel Companies, Inc., der agentar behandlar ustrukturerte serviceordrar frå e-post, validerer mot forretningsreglar og registrerer data direkte i fagsystem gjennom UI-et – med menneskeleg eskalering når noko avvik.

Kor ligg potensialet?

Eg trur vi kjem til å sjå dei første store gevinstane innan kundeservice, HR, økonomi og backoffice, og interne støttefunksjonar – særleg der mykje arbeid framleis skjer manuelt på tvers av eldre system. Det blir spennande å sjå korleis dette fungerer i praksis når fleire tek det i bruk i produksjon.