48,6 % av nordmenn har tatt i bruk generativ KI. Det gjer oss til nummer tre i verda – framfor både USA, Sverige, Danmark og Tyskland. Men betyr det at vi er gode på KI? Eg er ikkje sikker.

Eg har klokkertru på at generativ KI kjem til å bli avgjerande for at vi skal klare å utvikle samfunnet vidare – og for å drifte det i stadig meir komplekse og utfordrande tider. Vi kjem til å trenge teknologi som kan hjelpe oss å jobbe smartare, raskare og meir effektivt.

Ikkje autopilot, men copilot

Samtidig meiner eg at den viktigaste kompetansen framover kanskje ikkje blir å kunne bruke KI. Den viktigaste kompetansen blir å kunne vurdere kvaliteten på det den leverer.

Og akkurat der meiner eg namnevalet til Microsoft er ganske treffande: Copilot. Ikkje autopilot. Ein copilot støttar, foreslår, analyserer og hjelper deg framover – men den flyr ikkje flyet åleine. Ansvar, vurderingar og fagleg skjønn ligg framleis hos piloten.

«Copilot seier at …»

Likevel ser eg i fleire organisasjonar som no opnar for utstrekt bruk av generativ KI, at noko interessant skjer: dyktige fagfolk byrjar å svare «Copilot seier at …», utan særleg refleksjon rundt om svaret faktisk er godt, relevant eller riktig i akkurat den konteksten.

Det er kanskje her den verkelege KI-kompetansen kjem inn. Framtida handlar truleg ikkje berre om å kunne bruke KI-verktøy. Ho handlar om å vite:

  • når du skal stole på den
  • når du skal utfordre den
  • når du skal ignorere den
  • og korleis du kombinerer den med erfaring, kontekst og menneskeleg dømmekraft

Vi kjem framleis til å trenge fagfolk

Kanskje meir enn nokon gong. Ikkje berre for å bruke KI – men for å forstå kva som faktisk er bra, kva som ikkje er det, og kva konsekvensar svara kan få. Kanskje «redaktørkompetanse» burde bli obligatorisk undervisning i grunnskulen framover.

For skiljet går kanskje ikkje mellom dei som brukar KI og dei som ikkje gjer det. Men mellom dei som ukritisk vidareformidlar svar – og dei som faktisk vurderer dei.