Knut Petter Dimmen

Hei! Eg er Knut Petter Dimmen.

Eg jobbar som seniorkonsulent innan Microsoft 365, med særleg fokus på tryggleik, compliance og styring av kunstig intelligens. Dei siste åra har eg hjelpt verksemder med å ta i bruk Microsoft 365 på ein måte som ikkje berre fungerer teknisk, men som også er trygg, styrbar og tilpassa norske krav.

Denne bloggen er mi personlege stemme. Her skriv eg om det eg lærer, testar og meiner – heilt utan marknadsføring eller glansbilete.

Kvifor Heilt ærleg?

Microsoft utviklar skya si i eit tempo som gjer det krevjande å halde oversikta. Kvar veke kjem det nyheiter i Purview, Defender, Entra og Copilot. På scenen ser alt imponerande ut, men kvardagen er ofte meir nyansert.

Korleis fungerer løysingane i praksis? Kva krev dei av verksemda? Kva er modne nok til produksjon, og kva bør du vente med?

Det er desse spørsmåla eg prøver å svare på.

Eg skriv om det som fungerer, det som ikkje fungerer, og det som framleis treng nokre rundar før det er klart for produksjon. Målet er ikkje å vere kritisk for kritikken si skuld, men å gi eit realistisk bilete av moglegheiter, avgrensingar og risiko.

Difor heiter bloggen Heilt ærleg.

Kva eg skriv om

Her finn du artiklar om mellom anna:

  • Microsoft Purview og informasjonsvern
  • Microsoft Defender og identitetstryggleik
  • Microsoft 365 Copilot og KI-agentar
  • Data Governance og AI Governance
  • Compliance, EU AI Act og norske krav
  • Praktiske konfigurasjonar, testar og erfaringar frå verkelege miljø
  • Korleis menneskeleg dømmekraft framleis er avgjerande i ei verd med stadig meir KI

Kven skriv eg for?

Eg skriv først og fremst for IT-nerd (som meg), sikkerheitsansvarlege, arkitektar, rådgivarar og leiarar som arbeider med Microsoft 365.

Målet er å gjere komplekse tema forståelege utan å forenkle dei bort. Eg ønskjer at artiklane skal vere nyttige både når du skal forstå ein ny funksjon og når du skal ta ei avgjerd om han bør takast i bruk.

Kvifor nynorsk?

Fordi nynorsk er språket mitt.

Det finst mykje godt fagstoff på engelsk, men altfor lite på nynorsk. Eg meiner teknologi skal vere tilgjengeleg på begge dei norske skriftspråka, og derfor er alle artiklane mine skrivne på nynorsk.

Ta gjerne kontakt

Den enklaste måten å kome i kontakt med meg på er via LinkedIn:

👉 https://www.linkedin.com/in/knut-petter-dimmen/

Eg set pris på spørsmål, innspel og sakleg usemje. Dei beste diskusjonane oppstår ofte når nokon utfordrar konklusjonane mine, og det gjer både meg og innhaldet betre.

Velkomen til Heilt ærleg.